Ny studiedirektør i Volda

Hilde Kristin Strand
kortnytt høgskulen i volda ansettelse

Jan Terje Eidset er tilsett som ny studiedirektør ved Høgskulen i Volda (HVO). Han tek til i stillinga litt over sommaren 2025. Dette skriv Høgskulen i ei pressemelding.

Jan Terje Eidset kjem frå ei stilling ved Volda vidaregåande skule.

Eidset kjem frå stillinga som assisterande rektor og avdelingsleiar for dei kreative utdanningsprogramma ved Volda vidaregåande skule. Han stod på den offentlege søkjarlista til HVO-stillinga i vår.

Som Khrono har skrive, fekk den førre studiedirektøren ved høgskulen med seg ein sluttpakke då ho sa opp stillinga si. Seniorrådgivar Håkon Bø vart så konstituert som studiedirektør, men stod ikkje på søkjarlista då stillinga vart lyst ut.

— Me er glade for å få Jan Terje Eidset med på laget, og ser fram til å dra nytte av hans kompetanse og engasjement for utdanning og utvikling, er rektor og direkør ved høgskulen sitert på i pressemeldinga.

I tillegg til å tilsetja ny studiedirektør, bestemte høgskulestyret i møtet 19. juni at Kjetil Høydal vert konstituert som dekan på Avdeling for kulturfag frå 1. august 2025 til 31. januar 2026.

Powered by Labrador CMS
OSZAR »